Scroll nedover for meir info.
Er det noko som fristar under Dalsmarken, så er det god mat – og bakt potet er sjølvsagt eit must.
I tillegg blir det både gyros, thai‑mat og ein skikkeleg grilltallerken for dei som vil ha noko anna.
I år markerer me også eit lite jubileum: det er 10. året Frode og Nesan står saman ved grillen på Dalsmarken.
For dei minste (og dei største) blir det som vanleg aktivitetar gjennom heile dagen. Som i fjor kjem det to store hoppeslott, ansiktsmaling og mykje meir.
I år flyttar me hovuddelen av marknaden til området mellom Dalen Mekaniske og Brygjekafeen, slik at me får samla bodar og aktivitetar på eitt og same område.
Butikkane i sentrum held sjølvsagt ope som vanleg.
Og ja – me har òg ei lita overrasking som dukkar opp mellom sentrum og marknadsområdet…
Foto: Stian Evensen v/Fotofyr