Dalsmarken nærmar seg, og i år blir det ein fest du ikkje vil gå glipp av! Spennande nyhende står på agendaen: fargerike boder med alt mogleg, eit gigantisk piratskip med hinderløype og ei sklie som gjev sommarfuglar i magen! Det blir høg temperatur under den politiske debatten, og actionfylt Watercross—snøscooter-race på vatnet! Laurdagskvelden eksploderer i feststemning med Plan B og E-76 på scena, og borna får storfint besøk av Chase og Skye frå Paw Patrol. Gled deg til ei helg full av moro for både små og store!
Tidlegare NRK journalist Bjørn Bø frå Vinje er leiar for ordskiftet der fylgjande kandidatar stiller.
• Ap: Lene Vågslid Barne- og familieminister og 2. kandidat
• Høgre: Mahmoud Farahmand stortingsrep. og 1. kandidat
• Sp: Olav Urbø 3. kandidat
• Krf: Signe Marie Fosli Stenseth 3. kandidat
• Frp: Bård Hoksrud stortingsrep. og 1. kandidat